Georgia O'Keeffe Museum | |||
| |||
Stad | Santa Fe | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1997 | ||
Georgia O'Keeffe Museum 35°41′21″N 105°56′29″W / 35.689156111111°N 105.941325°W |
Georgia O'Keeffe Museum er eit amerikansk kustmuseum vigd Georgia O'Keeffe, livet hennar, amerikansk modernisme og offentleg engasjement. Museet opna 17. juli 1997, elleve år etter at kunstnaren døydde. Det består av fleire lokale på to ulike stader i New Mexico: Santa Fe og Abiquiu.[1] I tillegg til hovudmuseet Georgia O'Keeffe Museum (også kalla Museum Galleries) i Santa Fe, omfattar institusjonen også eit bibliotek og arkiv innan forskingssenteret sitt i det historiske A.M. Bergere House, eit utdanningsanlegg for ungdom og offentlege program; bustaden til Georgia O'Keeffe i Abiquiu Home og Studio; O'Keeffe Welcome Center i Abiquiu og museumsbutikkar i både Santa Fe og Abiquiu.[2][3] Georgia O'Keeffe har eit hus på Ghost Ranch som er ein del av O'Keeffe museum, men det er ikkje ope for allmugen.[3]
Det private, ideelle museet blei grunnlagt i november 1995 av filantropane Anne Windfohr Marion og John L. Marion, som begge budde ein del i Santa Fe.[4] Hovudbygningen til muset blei utforma av arkitekten Richard Gluckman i samarbeid med Santa Fe-føretaket Allegretti Architects. Andre prosjekt av Gluckman har vore eit galleri-tilbygg ved Whitney Museum of American Art i New York og Andy Warhol Museum i Pittsburgh i Pennsylvania.[5]